
Onsdag ettermiddag vart eit helikopter sett inn i ein redningsaksjon i Rotsethornet. Det var to jenter på 14 år som hadde gått seg fast.
Det var i 16.30-tida at jentene gav melding via mobiltelefon om at dei hadde gått seg inn i eit bratt område.
Skeivt ut frå toppen
- Jentene kom skeivt ut frå toppen av Rotsethornet og dei vart bedne om å halde seg i ro, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved politiet sin Operasjonssentral i Ålesund. - Å fryse situasjonen slik viste seg å vere det beste, for vi fann raskt ut at jentene fann seg i eit farleg og bratt område på austsida av Rotsethornet.
Lokalisert i fjellsida
Både Volda Røde Kors og eit legehelikopter vart sett inn i redningsaksjonen. I 17.30-tida var det på plass og gjorde søk i Rotsethornsida. Planen var at helikopteret skulle lokalisere dei og prøve å ta dei opp. Om ikkje dette gjekk måtte Røde Kors ta seg fram til området.
Ein peikepinn på kvar jentene fann seg, var at dei hadde dårleg mobildekning. Lokalkjende folk i Volda Røde Kors Hjelpekorps, kunne opplyse at området som ligg frå toppen og rett austover i retning Botnasanden, har dårleg dekning. Det viste seg at jentene var i dette bratte området.
Legehelikopteret greidde å plukke opp jentene utan å bruke sele.
Og jentene kom frå hendinga utan fysiske skadar.
