Humor, sjarme og flott song
SmakeBEAT: Med humor, sjarme og flott song frå scena var det berre for publikum å lene seg tilbake i stolen i teatersalen på Kulturhuset i Ørsta og nyte førestellinga.
Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999
Jørn Olav Løset reagerer på at det er
opplyst at det går an å køyre frå Dale til Lauvstad. – Det er rasfarlig der
også, seier han til Mre.no og peikar på at heile Dalsfjorden er rasfarlig.
Måndag ettermiddag vart ei maskin frå Mesta teken då den heldt på å rydde mellom Folkestad og Nautvika.
Mildver og regn har ført til stor
rasfare og måndag morgon var fleire vegstrekningar stengde.
- No er det på tide og kome i gang med fotball for 1.klassingane! seier Monica Velle Høydal. Etter påske startar Volda Fotball opp treningar for jenter og gutar fødd i 2003. I samband med dette byr no klubben inn til eit foreldremøte på Volda stadion.
Hovden Næringssenter AS med
Petter Myklebust som eigar er i utgangspunktet tildelt kontrakta med å få leige
ut bygg til nytt felles politihus for Volda og Ørsta. Dermed er det mykje som tyder på at det nye politihuset vil ligge i Hovdebygda.
Måndag
fekk dei tilsette ved Rolls Royce i Volda melding om at selskapet vurderer
tiltak for å betre lønsemda. Eitt mogleg tiltak er å flytte avdelinga i Volda
til Ulsteinvik.
Klokka 11.30 måndag morgon tok dei tøffaste russane ved Volda vidaregåande skule sin fyrste russeknute. Då hoppa dei frå Flyndra og rett ut i det kalde hamnebassenget.
I helga har det rett og slett vore påskeutfart til fjells for vergudane har gitt folk ein smakebit på svært godt turver.
Vegen rundt Austefjorden er opna att etter at to semitrailerar sperra vegen i fleire timar torsdag. To utanlandske vogntog køyrde seg fast i snøen. Ingen av dei hadde kjettingar på.
Det
bestilte høyringsutkastet angåande Strategi 2020 for Helse Sunnmøre var ikkje
ferdig til tysdagen sitt styremøte. Det avgjerande er kva samarbeidsformer
Helse Sunnmøre kan få med Helse Vest.
Den
vegskiltinga som no er komen opp ved innkøyringa til Mylna, har Elias Moe
kjempa lenge for å få. At kaffikoppen er med på skiltet er viktig for vidare
utvikling av Mylneriet.