annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

WHO: Ny sars-liknande sjukdom i Midtausten

(NPK-NTB-AFP): Verdsorganisasjonen for helse (WHO) åtvarar mot eit nytt sars-liknande luftvegsvirus som har teke livet av ein saudiarabar og gjort ein annan mann kritisk sjuk.

- Dette er eit nytt virus, seier WHO-talsmann Gregory Hartl.

Den kritisk sjuke 49 år gamle mannen frå Qatar blei innlagt på sjukehus i Doha 7. september, men etter ein akutt luftvegsinfeksjon og nyresvikt, blei han frakta til London med luftambulanse 11. september, opplyser WHO måndag.

Ein saudiarabar døydde tidlegare i år av eit praktisk talt identisk virus, ifølgje WHO, men styresmaktene i Saudi-Arabia seier dei undersøkjer om det kan ha vore andre grunner til sjukdommen. Den sjuke qatararen blei smitta etter å ha vore i Saudi-Arabia.

- Vi har ikkje høyrt om nye tilfelle, og vi har ikkje noko forståing av kor utbreitt viruset er, seier Hartl og legg til:

- Det er ein av grunnane til at vi prøver å få meir informasjon. Vi veit ikkje korleis det smittar, seier han.

WHO stadfestar at sjukdommen er eit coronavirus, men at det ikkje er sars, som ramma Kina i 2003 og tok livet av fleire enn 800 menneske over heile verda. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.