ARRAY(0x39afb70)
Paret er sikta etter den alvorlegaste delen av valdtektsparagrafen i straffelova. Det omfattar overgrep «gjort på ein særleg smertefull eller særleg krenkjande måte» og har strafferamme på 21 års fengsel.
Bakgrunnen for saka skal vere at ektemannen torsdag uventa dukka opp heime samtidig som kona hadde sex med elskaren. Då ektemannen oppdaga dette, skal han ha straffa elskaren til kona ved å valdta han. Mishandlinga gjekk føre seg i fleire timar, ifølgje politiet. Siktinga kan bli utvida til å omfatte fridomstap.
Offeret hevdar at kvinna medverka, men forsvararen til kvinna, Truls Dramer, opplyser at ho ikkje visste at elskaren blei valdteke, og at ho var i eit anna rom. Ektemannen har stadfesta at han var involvert i delar av hendingsgangen, men har ikkje erkjent straffskuld.
Ekteparet og elskaren til kona er frå Afghanistan. Ekteparet har fire små barn. Barna skal ha vore i leilegheita då mannen blei valdteke. (©NPK)
