Iqra, det arabiske ordet for å lese, er det første ordet i Koranen. Og det er akkurat det Islamic Cultural Center håpar fleire vil gjere framover, lese Koranen, etter at dei måndag gav ut andre bind av den heilage boka si på norsk.
- Koranen er ei bok også for ikkje-muslimar. Dette er den viktigaste boka i verda, og ho tek føre seg alt om vitskap, samfunn, historie og andre tema, seier talsmannen for gruppa som har jobba med oversetjinga ved Islamic Cultural Center, Ikhlaq Ahmad, til NTB.
Koranen blei omsett til norsk for første gong i 1980, den gongen utan forklaringar.
- Vi har fått tilbakemeldingar om at mange synest den oversetjinga er litt vanskeleg å forstå. No har vi gjort henne så enkel som mogleg, og har med kommentarar som forklarer og har valt eit enklare språk, fortel imam ved Islamic Cultural Center, Mehboob-ur-Rehman, til NTB.
Boka som kom ut måndag, er del to av totalt sju bind som vil bli lansert dei neste åra. Bind éin kom ut i 2009.
- No som vi kjem med ei ny omsetjing, håpar vi fleire vil lese Koranen, og at fleire nordmenn får auka kunnskap og forståing av religionen vår, seier Ahmad. (©NPK)
