annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Luktar ikkje nedrykk av Sandnes Ulf

(NPK-NTB): Sandnes Ulf lek som ein sil og er hamna under nedrykksstreken for første gong.

- Nei. Vi skal kjempe vidare med det vi har og har god tru på at vi skal snu dette, seier stoppar Ronny Espedal til Stavanger Aftenblad om det som no luktar nedrykk av laget.

Søndag tapte eliteseriedebutanten 2- 3 mot Haugesund. Nyleg er det blitt fire baklengsmål mot Vålerenga og tre mot Brann.

- Det knekkjer oss i all fall ikkje. Vi var klar over at sesongen ville bli ein tøff kamp for å overleve. Vi kan uansett ikkje gå rundt og synast synd på oss sjølv. No skal vi leggje Fredrikstad og Sogndal bak oss på tabellen, og få heng på Odd når vi slår dei i neste kamp, seier Espedal optimistisk til lokalavisa.

Når sju serierundar står att er Fredrikstad på 13.-plass med 24. Sogndal på kvalplassen har 23. Sandnes Ulf står med 21. Sandnes-laget har spelt éin kamp mindre enn dei andre laga. Odd på 11.-plass har 28 poeng, eitt meir enn Lillestrøm på 12.-plass. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.