- Det er sjølvsagt stas for eit lite selskap frå Noreg å kome heilt til topps, seier administrerande direktør Lars Kobberstad i ei pressemelding.
ERA kårar årets flyselskap i Europa på grunnlag av kvalitet, økonomi og posisjon. I grunngjevinga frå juryen heiter det at Widerøe er imponerande føreseieleg i eit uføreseieleg miljø.
- Dette er ei stor ære og ein massiv ros av det arbeidet som dei tilsette i Widerøe gjer, seier administrerande direktør Lars Kobberstad. (©NPK)
