annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Pause i greske kriseforhandlingar

(NPK-NTB-AFP-DPA): Internasjonale långjevarar har bedt om pause i forhandlingane med greske styresmakter om krisepakka til Hellas.

Pausen skal vare «ei vekes tid», opplyste ein talsmann for EUs økonomikommissær Olli Rehn fredag. Sidan begynnelsen av september har utsendingar frå EU, den europeiske sentralbanken ESB og det internasjonale pengefondet IMF forhandla med grekarane om ein avtale om ny krisehjelp.

- Diskusjonane har vore svært intense, seier Simon O'Connor.

Tidlegare fredag sa ei kjelde i det greske finansdepartementet at ein avtale kunne vere på plass fredag.

EU og IMF vil finansiere naudhjelp som er livsviktig for den greske økonomien. Men Hellas ligg langt etter tidsskjema i arbeidet med reformer som långjevarane har kravd, og IMF krev no at Aten-regjeringa gjennomfører nye lønnskutt i offentleg sektor.

Regjeringa skal ifølgje kjeldene til nyheitsbyrået AFP ha avvist dette kravet.

Torsdag kom det til samanstøyt mellom sikkerheitsvakter utanfor kontoret til statsminister Antonis Samaras og politifolk som protesterte mot kutt i lønene. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.