Dei to observatørane frå Tyskland og Litauen fekk onsdag beskjed av kviterussiske styresmakter om at dei ikkje får visum, opplyser OSSE.
Det er svært sjeldan at valobservatørar vert nekta innreise, og OSSE har tidlegare fått forsikringar om at dette heller ikkje skulle skje denne gongen.
- Vi har ikkje fått nokon forklaringar på kvifor dei blir nekta visum, seier ein talsmann for organisasjonen.
Kviterussland er blitt stadig meir isolert sidan det omstridde presidentvalet i 2010. Då slo styresmaktene hardt ned på all politisk opposisjon, og EU svarte med økonomiske sanksjonar og reiserestriksjonar. (©NPK)
