annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Opposisjonsleiar vert kasta ut av dumaen

(NPK-NTB-Reuters-TT): Den russiske opposisjonspolitikaren Gennadij Gudkov vert kasta ut av nasjonalforsamlinga. Opposisjonen meiner det er snakk om politisk hemn.

KGB-veteranen Gudkov har gått frå å vere president Vladimir Putins allierte til å bli ein av dei mest profilerte opposisjonspolitikarane i landet.

- Alt som skjer her, er ei ulovleg skinnrettssak. Det er ein politisk vendetta og ei utanomrettsleg straff, sa Gudkov til Statsdumaen før dei gjorde vedtaket mot parlamentsmedlemmen frå partiet Rettferdig Russland fredag.

Gudkov vert skulda for å ha drive forretningsverksemd samtidig som han har vore folkevalt i dumaen - noko som er ulovleg etter russisk lov. Med 291 mot 150 stemmer tapte han plassen. Dermed mista han også immuniteten sin mot straffeforfølging.

Gudkov er kjent som ein av nøkkelaktørane i dei Putin-kritiske demonstrasjonane som rista Russland i desember. Han snakkar høgt om det han meiner er både valfusk og systematisk korrupsjon frå regjeringa i Kreml.

Gudkovs støttespelarar meiner skuldingane mot han er ein del av ein omfattande svertekampanje mot opposisjonspolitikarar i Russland.

Laurdag er det planlagt ein ny Kreml-kritisk demonstrasjon i Moskva der rundt 50.000 menneske er venta å delta. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.