Han har også vore i kontakt med leiarar i mange land og fått forsikringar om at dei vil beskytte USAs diplomatiske stasjonar og dei som jobbar der, opplyser talsmann for Det kvite hus Jay Carney.
På ein pressekonferanse fredag avviste han dessutan kritikken frå presidentkandidaten til Republikanarane Mitt Romney i samband med angrepa på amerikanske konsulat og ambassadar i Midtausten denne veka.
- Romneys kritikk inneheld faktiske feil og er eit forsøk på å score politiske poeng, sa Carney.
Talsmannen seier at USA ikkje fekk nokon varsel på førehand om at konsulatet i den libyske byen Benghazi risikerte å bli angripen. Det finst heller ingen informasjon som tilseier at angrepet var planlagt på førehand, ifølgje Carney.
USAs ambassadør i Libya og tre andre amerikanarar vart drepne då konsulatet vart angripe under ein protest mot ein islam-kritisk film tysdag kveld. (©NPK)
