Hellas har måtta gjennomføre kraftige kutt i offentlege utgifter i byte mot omfattande redningspakkar frå Det internasjonale pengefondet (IMF), EU og Den europeiske sentralbanken (ESB) - den såkalla troikaen.
Siste del av redningspakken er avhengig av i kva grad troikaen meiner Hellas har oppfylt vilkåra. Den rapporten er enno ikkje ferdig, og Merkel har ikkje til hensikt å konkludere før han ligg føre.
- Det blir inga løysing fredag. Vi ventar på rapporten frå troikaen, og deretter tar vi ei avgjerd, sa ho onsdag.
Antonis Samaras møter Merkel i Berlin fredag og Frankrikes president François Hollande i Paris dagen etter. (©NPK)
