annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Pepe uaktuell mot Barcelona

Madrid (NTB): Torsdag smeller det med den første «El Clásico» i sesongen mellom Barcelona og Real Madrid. Den spanske fotballfesten er dermed i gang for fullt.

«Barca» har fordel av heimebane først. Returen vert spelt neste veke.

- Ein kamp mellom to rivalar er alltid viktig, sjølv i ei sommarturnering. Supercupen er den minst viktige av dei vi spelar mot Barcelona i sesongen, sa Real-trenar José Mourinho på ein pressekonferanse.

- Eg trur ikkje det er nokon samanheng mellom den som vinn supercupen og kva som skjer resten av sesongen. Vi tapte i fjor, men vann ligaen med rekordmange poeng.

Midtstoppar Pepe spelar ikkje. Han fekk ein smell i hovudet i ligaopninga. Han kolliderte med lagkamerat Iker Casillas.

- Vi tar ingen sjansar med han. Han kan vere aktuell til ligakampen i helga, sa Mourinho.

Barcelona vann supercupen med 5- 4 samanlagt for eit år sidan. Då planta Mourinho ein finger i auget på Barca-assistent Tito Vilanova. Det var kaotiske scener og fleire raude kort.

Det medfører at Mourinho må sjå begge kampane frå tribunen. Vilanova er suspendert torsdag. Det same gjeld spelarane Mesut Özil, Marcelo og David Villa.

Vilanova har sidan det overteke som Barcelonas hovudtrenar. Han fekk ein flott start med målfest og storsiger i seriepremieren.

Dette er dei førebelse datoane for «El Clásico» i serien denne sesongen:

7. oktober: Barcelona - Real Madrid

3. mars: Real Madrid - Barcelona. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.