Angrepa vert karakterisert som dei hardaste sidan hæren igjen tok kontrollen over Damaskus i førre månad. Ifølgje opposisjonskjelder er minst 40 personar drepne.
Minst åtte personar er drepne av granateld, som også vert følgd av bombardement frå det syriske flyvåpenet.
Bydelane som er under angrep, er Kfar Souseh, Daraya, Qadam og Nahr Aisheh, opplyser innbyggjarar. Desse er kjent for å fungere som basar for opprørarar som prøver å velte regimet til president Bashar al-Assad.
Innbyggjarar opplyser om tung skotveksling i områda.
- Heile Damaskus ristar med lyden frå granatane, seier ei kvinne i Kfar Souseh.
Ho fortel også at hæren skyt med artilleri frå fjella som omkransar Damaskus.
Ein ung aktivist opplyser at opprørarar som forlét byen under offensiven til hæren i juli, no er byrja å komme tilbake.
- Dei drog tilbake til heimane sine eller forsvann i det grøne beltet rundt Damaskus. No er dei tilbake, og regimet svarar med dagleg granateld og bombardement med helikopter. Damaskus er i ferd med å bli prega av ei krigsstemning, seier Maaz al-Shami til Reuters.
Det er også komme meldingar om summariske avrettingar i forstaden Maadamiyat al-Sham. Andre skal ha blitt drepne under ei gravferd.
I tillegg skal ein ha funne fleire titals uidentifiserte lik i ein kjellar, men opplysningane er umulege å få bekrefta.
Eksilorganisasjonen Syrian Observatory for Human Rights fortel at minst 42 sivile vart drepne då forstaden vart storma av regjeringshæren.
I alt 198 personar skal ha blitt drepne i Syria på tysdagen. (©NPK)
