Det oppsiktsvekkjande er at medan det tok ni år å nå opp til dei første 1.000 døde, så har dei siste 1.000 mista livet dei siste 27 månadene. Det viser ein analyse frå det amerikanske forsvarsdepartementet.
Tala vitnar om at kampane har vorte meir intensive etter at president Barack Obama bestemte seg for å sende 33.000 fleire amerikanske soldatar til Afghanistan i 2010, ifølgje departementet.
Analysen viser også at halvparten av dei drepne fall enten i Kandahar- eller Helmand-provinsen.
Amerikanarane har den siste tida også vorte ramma av stadig fleire angrep utført av afghanske kollegaer. Dei siste to vekene har ni amerikanarar mista livet i slike angrep.
Talet på døde i Afghanistan er likevel berre halvparten av tapa i Irak-krigen, der om lag 4.480 soldatar mista livet.
I fjor var det også fleire soldatar i Afghanistan som tok livet sitt enn som vart drepne - det vart registrert 278 sjølvmord, medan 247 vart drepne. (©NPK)
