- Streiken er ikkje til å unngå med ein motpart som absolutt ikkje verdset dei tilsette eller møter standarden i bransjen elles, seier forhandlingsleiar i Fagforbundet, Kjellfrid Blakstad.
- Dette kan ikkje Fagforbundet akseptere, slår ho fast.
Då klokka hadde passert 1 natt til onsdag, var det klart at det vart brot i forhandlingane mellom Fagforbundet og NHO Service, den eine av dei to parallelle meklingane.
Norsk Sykepleierforbund og NHO Service vart på si side einige over fem timar på overtid i meklinga. Dermed blir 44 sjukepleiarar i Sykepleierforbundet i Oslo og Hordaland likevel ikkje tekne ut i streik frå onsdag av.
Medlemmene av Fagforbundet i kommersielle sjukeheimar streikar for å få dei same pensjonsrettane og lønns- og arbeidsvilkåra som tilsette i kommunale og andre private, ideelle sjukeheimar.
Arbeidsgjevarsida meiner at ein var villig til å strekkje seg langt for å få til ei løysing.
ARRAY(0x3453858)
Han seier dei ønskjer å vere eit privat alternativ, og vil ikkje ha ein tariffavtale som er heilt lik den i det offentlege.
Furulund legg til at dei tilbyr dei tilsette konkurransedyktige vilkår, eit godt arbeidsmiljø og kan dessutan dokumentere lågare sjukefråvær på dei private sjukeheimane enn i det offentlege.
Han er svært nøgd med at Sykepleierforbundet ikkje følgde Fagforbundet og i staden brukte onsdagsnatta på å forhandle seg fram til ein tariffavtale.
- Vi er veldig nøgd med viljen frå Sykepleierforbundet til å søkje konstruktive løysingar. Dei har fått eit godt resultat som også dei private omsorgsbedriftene kan leve med, seier Furulund.
I første streikeuttak onsdag morgon blir 64 medlemmer av Fagforbundet ved sju sjukeheimar i Oslo og Asker tekne ut i streik frå og med starten av arbeidstida.
Elleve medlemmer blir tekne ut ved Lambertseter alders- og sjukeheim, ti ved Hovseterhjemmet, ti ved Madserud sjukeheim, ti ved Opsalhjemmet, seks ved Paulus alders- og sjukeheim og fire ved St. Hanshaugen omsorgssenter. I tillegg blir 13 tilsette tekne ut ved Risenga bo- og omsorgsdrift i Asker. (©NTB)
