annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Forsvararane: - Breivik skriv sjølvbiografi

(NPK-NTB): Anders Behring Breivik skriv på ein sjølvbiografi der han blant anna vil opplyse om det han hevdar er minst to andre celler i Noreg.

- Han har sagt at han vil skrive noko om dei norske cellene, men han ønskjer ikkje å seie kva han vil skrive om desse, seier forsvarar Tord Jordet til VG.

Det har vore kjent at Breivik skriv på tre bøker i fengselet, ei om terrorangrepet, ei om ideologien og ei om framtida. No seier Jordet til avisa at boka som tek for seg førebuingane og dagen den 22. juli, er det massedrapsmannen sjølv kallar ein sjølvbiografi.

- Han seier at han arbeider med ein sjølvbiografi. Der vil det komme meir informasjon enn kva han har fortalt til politiet, seier Jordet.

Breivik har hevda at han reiste til Liberia i 2002 for å møte ein serbar med koplingar til den påståtte Knights Templar-organisasjonen, noko politiet ikkje festa lit til. Breivik hevda overfor VG under rettssaka at kallenamnet til serbaren var «Dragen».

- Han seier han også vil fortelje meir om denne «Dragen» i sjølvbiografien - at han vil beskrive personen og omstenda rundt kontakten med denne personen. Han seier også at han vil skrive meir detaljert om London og Liberia-turen, og meir om personane han har møtt, seier Jordet.

Spørsmålet er kvifor Breivik vil fortelje meir i bokform, når han under rettssaka fleire gonger slo fast at han ikkje ville fortelje meir om turane til London og Liberia eller personane i frykt for at andre skulle bli arrestert. Ein av grunnane er ifølgje Jordet at ein i bokform får betre høve til å formulere seg presist. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.