annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Jens: - Ap pådrivaren bak det beste samfunnet i verda

(NPK-NTB): Mange har gjennom åra bidrege til å utvikle det norske velferdssamfunnet, men det er Arbeidarpartiet som i alle år har vore den drivande krafta, ifølgje Jens Stoltenberg.

- Det er ei historisk tilsniking å seie at velferdssamfunnet kom av seg sjølv. Det er eit resultat av mange politiske og omstridde val, sa statsminister og Ap-leiar Jens Stoltenberg då han talte under feiringa av 125-årsjubileet til Arbeidarpartiet tysdag.

Det som starta med kampen til arbeidarrørsla for normalarbeidsdagen og allmenn stemmerett under stiftinga i 1887 har resultert i at samfunnet blir kåra til det mest likestilte, det beste å bli mor i og «verdas beste land», slik Stoltenberg formulerte det

- Vi skal ikkje gjere den feilen å seie at alt dette er på grunn av Det norske Arbeidarparti. Arbeidarpartiet har ikkje skapt det norske velferdssamfunnet aleine. Vi har samarbeidd med andre parti, både i mindretal og i fleirtal. Men når vi ser på det politiske landskapet har den dominerande krafta i alle desse åra vore nettopp Arbeidarpartiet, sa han. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.