annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Politiet meiner Opøien blei kvelt

(NPK-NTB): Politiet meiner sambuaren kvelte Hege Opøien før han tente på huset deira. Kvinna blei funnen død i det brennande huset til familien på Orkanger i Sør-Trøndelag tidlegare i sommar.

ARRAY(0x1a2e960)

Obduksjonsrapporten påviser ikkje noko dødsårsak, men konkluderer med at kvinna ikkje døydde av naturlege årsaker.

- Rapporten fortel derimot om funn av blodblemmer på kragebeinet. Dette kan ha oppstått som følgje av handgrep. Ut ifrå konklusjonane i rapporten meiner vi at avdøde døydde av kveling, seier politiadvokat Kornelia Lykke i Sør-Trøndelag politidistrikt.

Sambuaren til kvinna er sikta for drapet, og blei tysdag varetektsfengsla for åtte nye veker. Han nektar framleis straffskuld for å ha gjort seg skuldig i drap. Politiet reknar med å vere ferdig med etterforskinga i oktober. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.