annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

PST etterforskar islamistisk trusselbrev

(NPK-NTB): Politiets tryggingsteneste (PST) har sett i gang etterforsking etter at eit brev frå ei norsk islamistgruppe truar med eit terrorangrep på norsk jord.

ARRAY(0x2b8b6b0)

Noreg er eit mål på grunn av krigføringa i Afghanistan, og statsminister Jens Stoltenberg, utanriksminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Espen Barth Eide vert spesielt nemnde. Dei tre Ap-statsrådane er ifølgje brevskrivarane «spesielt utsatte da det er de som gir direkte ordre om angrep på muslimer.»

- Vi har starta etterforsking av brevet, bekreftar kommunikasjonsrådgjevar Siv Alsén i PST.

Ifølgje VG har fleire av medlemmene i gruppa som har sendt brevet, tidlegare vore i PSTs søkjelys. Dei krev også at det vert oppretta ein islamsk stat på Grønland i Oslo:

«Vi vil ikke være en del av det norske samfunnet. Og vi ser det heller ikke som nødvendighet å flytte ut av Norge da vi er født og oppvokst her. (...) Sperr av bydelen og la oss styre den slik vi ønsker. Dette er til det beste for begge parter. Vi ønsker ikke leve sammen med skitne udyr som dere». (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.