annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Van Persie skreiv under for United

(NPK-NTB): Robin van Persie er offisielt Manchester United-spelar etter å ha underteikna ein fireårskontrakt med storklubben fredag.

ARRAY(0x2b598d8)

Truleg er nederlendaren med i troppen alt i sesongstarten borte mot Everton måndag kveld.

- Robin er ein spiss i verdsklasse som har bevist sin klasse i England og i europeisk fotball. Talentet hans treng ingen introduksjon for fansen. Rørslene, avslutningane og dei totale evnene hans er eineståande, seier United-manager Alex Ferguson om det siste kjøpet sitt.

Van Persie har hissa på seg Arsenal-fansen ved å gå til ein ligarival. Han ville ikkje forlengje kontrakten med London-klubben, og Arsenal såg seg nøydd til å selje spissen.

- Det er ei ære å skrive under for Manchester United. Eg ser fram til å følgje i fotspora til så mange store spissar. Eg vil bruke erfaringa min og spele ei rolle for å hjelpe laget med å kjempe om dei største trofea i fotballen, sa angriparen.

Førre sesong vart Van Persie stemt fram som årets spelar i engelsk eliteserie etter å ha scora 30 gonger for Arsenal. Han kostar United rundt 215 millionar kroner. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.