annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Høgspentleidning førte til eksplosjon i Oslo

(NPK-NTB): Ein person er lettare skadd i ein eksplosjon i Oslo sentrum. Ei kortslutning i ein høgspentleidning var årsaka til eksplosjonen.

Like etter klokka 17 fredag skreiv politiet på Twitter om ein eksplosjon i Calmeyers gate i Oslo sentrum.

Ein forbipasserande fekk skadar i auga under eksplosjonen, men blei ikkje alvorleg skadd.

- Eksplosjonen skjedde i samband med arbeid i vegen. Det er Hafslund som driv bygginga, og dei kom etter eksplosjonen til staden for å leggje på nokre matter som mangla, seier operasjonsleiar i Oslo politidistrikt, Tor Grøttum, til NTB.

Straumen var ein periode borte i området, og politiet hadde sperra av området.

- Vi har oppretta ei sak på forholdet, og vil etterforske saka. Om dette får nokon konsekvensar for Hafslund er avhengig av om det har vore utvist aktløyse eller ikkje, seier Grøttum. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.