annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Odd Reidar Humlegård ny politidirektør

(NPK-NTB): Kripos-sjef Odd Reidar Humlegård blir ny politidirektør etter Øystein Mæland.

Justisminister Grete Faremo opplyste på ein pressekonferanse fredag ettermiddag at Kripos-sjefen er beordra inn i stillinga.

- Det er eit svært viktig arbeid som skal gjerast i Politidirektoratet og beredskapen skal styrkast. Derfor har eg i dag kalla inn Odd Reidar Humlegård i stillinga som politidirektør, sa Faremo.

Humlegård byrjar i stillinga måndag. Faremo understreka at Kripos-sjefen både har jussutdanning og har operativ bakgrunn frå Forsvaret.

- Det vil i samband med det bli etablert eit breitt anlagt endringsprogram for blant anna å følgje opp 22. juli-kommisjonens rapport. Det vil også bli kalla inn ytterlegare ressurspersonar. Politidirektørens leiargruppe vil bli utvida for å forsterke kompetanse og gjennomføringskraft i den øvste leiinga i politiet,» skriv Justis- og beredskapsdepartementet i ei pressemelding.

Faremo sa at ho aldri vurderte å gi Øystein Mæland sparken.(©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.