annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ukrainsk aktivist saga ned kors i Pussy Riot-protest

(NPK-NTB-Reuters): Ein topplaus ukrainsk kvinnesaksaktivist utstyrt med motorsag kappa ned eit kristent kors i sentrum av Kiev fredag, i protest mot den russiske behandlinga av punkbandet Pussy Riot.

Dommen mot dei tre russiske kvinnene skulle kunngjerast seinare fredag.

- Ikkje noko føretak, ikkje eingong eit som er så vellykka som kyrkja, har rett til å krenke kvinnerettane, sa aktivisten Inna Sjevtsjenko etter å ha saga ned korset, som var pryda med ein korsfesta Jesus-figur.

Dei bare brysta hennar hadde påskrifta «Free Riot». Det var ingen politifolk til stades under protesten.

Gruppa Femen vart starta av studentar i 2008 for å fremme kvinnerettar i den mannsdominerte tidlegare Sovjet-republikken, men har dei siste par åra utvida den politiske horisonten. Dei arrangerer jamleg barbrysta protestar mot prostitusjon og sexturisme, men også mot politiske leiarar. Opptrinnet fredag vil truleg føre til sterke reaksjonar blant religiøse grupper i Ukraina, der ortodoks kristendom er den største religionen.

Pussy Riot er skulda for å ha forstyrra offentleg ro og orden motivert av religiøst hat etter at dei 21. februar gjekk inn i ei kyrkje i Moskva og framførte ein låt med hard kritikk av president Vladimir Putin. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.