Dei svenske statsborgarane hadde kjøpt returbillettar med selskapet, men desse er no ubrukelege.
- Vi er i ein svært vanskeleg konsulær situasjon, men prøver på ulike vis å hjelpe desse personane heim via Tyrkia, seier utanriksminister Carl Bildt.
Ifølgje aktivistar er minst 23.000 menneske drepne i Syria sidan opprøret braut ut i mars i fjor. Borgarkrigen har ført til store flyktningstraumar og enorme humanitære lidingar. (©NPK)
