annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Liv Ullmann vender tilbake til Nationaltheatret

(NPK-NTB): Liv Ullmann debuterer som regissør på den gamle arbeidsplassen sin når ho kjem tilbake til Noreg for å setje opp Tsjekhovs «Onkel Vanja» på Nationaltheatret.

Framsyninga på Hovedscenen skal ha premiere i februar, men prøvene begynner allereie i november.

- Eg ser på det som ei kunstnarisk gåve å få arbeide med dei menneska eg har fått velje og som eg gler meg til å vere saman med i fleire månader, seier regissøren.

Rollelista er enno ikkje bekrefta, men Ullmann er i avsluttande samtaler med kjente, norske namn både i og utanfor Nationaltheatrets ensemble.

Ullmann var sjølv skodespelar på Nationaltheatret i Oslo frå 1964 til 1971. Hausten 2010 spelte ho på ei norsk scene for første gong på 20 år, då ho med stor suksess var på turné med Riksteatret og stykket «Lang dags ferd mot natt».

«Onkel Vanja» av Anton Tsjekhov blei skriven for 126 år sidan, og hadde uroppføring på Kunstnerteatret i Moskva i 1900. Ullmanns regi er i ein psykologisk realistisk tradisjon der innleving og arbeidet til skodespelaren står sentralt, skriv Nationaltheatret i ei pressemelding. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.