annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Russisk paralympics-utøver dopingtatt

(NPK-NTB): Den russiske sprintaren Jelena Tsjistilina leverte ein positiv dopingprøve under EM i juni og er utestengt av paralympics i London.

Tsjistilina tok sølv både på 100 og 200 meter under EM i handikapidrett i Nederland. Den 26. juni leverte ho ein dopingprøve som viste spor av eit forbode stimuli, og ho er utestengt frå all idrett i to år, opplyser Den internasjonale paralympiske komité (IPC).

Alle resultata til russaren sidan 26. juni blir strokne, og ho er diskvalifisert i to år frå same dato. Tsjistilina vart også bøtelagt med 11.000 kroner (1.500 euro).

På grunn av tidspunktet for den positive prøven, blir ho berre fråteken den eine medaljen ho vann under EM. Ho beheld sølvet frå 200-meteren, medan sølvmedaljen på 100 meter går til britiske Sally Brown.

Paralympics vert arrangert i London frå 29. august til 9. september. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.