annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Steiner gjev seg ikkje

(NPK-NTB-DPA): Det såg skummelt ut då Matthias Steiner tysdag mista 196 kilo ned på nakken under OL-konkurransen i vektlyfting, men 29-åringen kjem tilbake.

- Det er ingen grunn til å leggje opp, seier supertungvektaren til TV-kanalen ARD.

Han var tittelforsvarar i den tyngste klassen, men det gjekk gale i det andre forsøket hans i rykk tysdag. Han hadde eit godkjent lyft på 192 kilo, men med fire kilo ekstra på stonga mista han grepet og tok imot med nakken.

Stonga bøygde seg, og Steiner fall til bakken under ho.

Etter nokre skrekksekund i vektlyftarhallen reiste han seg og greidde å gå ut sjølv for å få legebehandling.

- Det går bra med meg, men natta var smertefull. Smertene er verre enn diagnosen, sa Steiner onsdag.

Legane påviste ein bandskade i halsen, ein støytskade i brystbeinet og ein muskelskade i det same området.

Steiner hadde fleire skadar som sette han tilbake i oppkøyringa til OL, men han håpa likevel på medalje.

- Eg er ikkje skuffa, for eg sit her sunn og frisk. Eg har kone og barn heime, så det finst viktigare ting, sa han. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.