annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Romney håva inn over 100 millionar dollar i juli

(NPK-NTB-Reuters): Republikanarane sin presidentkandidat Mitt Romney og landsstyret til partiet skaffa i juli til vegs 101,3 millionar dollar til valkampen til Romney.

Beløpet svarer til vel 610 millionar kroner.

Tala frå juli er eit nytt teikn på at Romney ligg framfor president Barack Obama i kappløpet om å samle inn mest pengar. Utfordraren samla nemleg inn 106 millionar dollar i juni, 35 millionar meir enn Obama.

Spencer Zwick, som er sjef for finansane til Mitt Romney, seier det er både republikanarar, demokratar og uavhengige blant givarane.

- Vi er på god veg mot å skaffe til vegs pengar slik at vi kan lykkast i november, seier han.

Dersom alt går som planlagt og Romney blir nominert som Republikanerne sin kandidat på partilandsmøtet i Tampa seinare i august, møter han Obama i presidentvalet 6. november. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.