annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Norsk støtte til oljeavtale mellom Sudan og Sør-Sudan

(NPK-NTB): Utviklingsminister Heikki Holmås (SV) meiner den ferske oljeavtalen mellom Sudan og Sør-Sudan representerer eit viktig framsteg i forhandlingane mellom nabostatane.

Sudan og Sør-Sudan var tidlegare i år på randa av full krig, men no er naboane einige om korleis oljeinntektene skal fordelast.

- Vi ønskjer oljeavtalen mellom partane velkommen. Han er viktig for begge land. Det er viktig at oljeproduksjonen til Sør-Sudan kjem i gang så fort som muleg, seier Holmås i ei pressemelding måndag.

Konflikten mellom Sudan og Sør-Sudan har ført til stans i oljeeksporten og dermed til eit kritisk inntektsbortfall for begge landa.

- Det er bra at partane viser vilje til kompromiss. Eg forventar at partane også viser vilje til å bli einige om sikkerheit, Abyei og grenseovervaking slik at spenninga mellom landa blir redusert. Vi oppfordrar derfor partane til å fortsette forhandlingane intensivt, seier Holmås. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.