Frå bane tre i den første av to semifinalar padla Verås Larsen inn til 2.-plass på tida 3.29,547. Halvvegs låg nordmannen eit godt stykke bak på 5.-plass. I mål var han ei båtlengde bak vinnaren Adam van Koeverden frå Canada, som noterte 3.28,209. Dei fire beste i kvar semifinale skaffa seg finaleplass.
- Eg er nøgd med dagen. Både forsøk og semifinale same dag er ein ekkel dag. Eg hadde ingenting å vinne og alt å tape. Det er herleg å vere gjennom til finale, sa Verås Larsen.
Nordmannen synest van Koeverden så imponerande god ut.
- Han virka veldig sterk. Eg gav det eg hadde, sa Verås Larsen, som blei klart slått av canadiaren.
Dei to siste finaleplassane frå semifinale éin gjekk René Holten Poulsen frå Danmark og briten Tim Brabants. Sistnemnde vann gull i Beijing for fire år sidan.
36 år gamle Verås Larsen vann gull OL i Aten i 2004. I OL i Beijing i 2008 tok den norske veteranen sølv.
Max Hoff frå Tyskland vann den andre semifinalen med 3.29,294. Der blei Oleg Jurenia frå Hviterussland nummer to og svenske Anders Gustafsson nummer tre, mens spanske Francisco Cubelos fekk den siste finaleplassen.
I kvalifiseringa tidlegare måndag enda Verås Larsen på 3.-plass i sitt heat med tida 3.31,228. Heatet blei vunne av dansken René Poulsen på 3.30,284. Van Koeverden var raskast i kvalifiseringa med 3.28,697. (©NPK)
