Av dei store selskapa skilte Statoil og DNB seg ut med oppgang. Statoil-aksjen gjekk opp 0,21 prosent til 146,3 kroner, medan DNB gjekk opp 0,24 prosent til 63,85 kroner måndag morgon.
Seadrill gjekk derimot ned 0,17 prosent, medan Yara fall 0,94 prosent og Telenor sokk 1,06 prosent.
Nordsjøoljen blir selt for 108,40 dollar fatet, ned 0,16 prosent. Amerikansk lettolje ligg på 90,70 dollar per fat og har dermed ein nedgang på 0,69 prosent i morgontimane.
Dei asiatiske børsane viser alle ei positiv utvikling måndag. Nikkei-indeksen går opp 2 prosent, medan Hang Seng-indeksen stig 1,69 prosent måndag. (©NPK)
