ARRAY(0x1fd3300)
- Det vil mest sannsynleg bli store lokale forskjellar. Tettbygde strøk med mykje asfalt er spesielt utsett. Folk må halde seg oppdatert gjennom media og lokale styresmakter, seier vakthavande meteorolog Pål Evensen til NTB.
På grunn av store nedbørsmengder gjennom sommaren er jordsmonnet fleire stader metta på vatn, og ytterlegare vassmengder kan dermed føre til at jorda glir ut.
Når meteorologane varslar ekstremvêr er det enten på grunn av storm, høg vasstand, ekstremt stor snøskredfare eller større nedbørsmengder. Sist det blei meldt om ekstremvêr på grunn av nedbør var i 2005 då både stormane Kristin og Loke førte til ekstreme nedbørsmengder på Vestlandet.
Måndag er det varsla store nedbørsmengder også andre stader i landet, spesielt i Rogaland. Meteorologisk institutt har likevel valt å ikkje gå ut med flaumvarsel for dette området.
- Det er høgare terskel for å sende ut ekstremvarsel på Vestlandet, fordi det er i større grad vanleg med kraftig nedbør og fordi terrenget i desse fylka taklar mykje nedbør godt, seier Evensen.
Ekstremvêret Frida vil ikkje vare lenge, og Meteorologisk institutt ventar at det vil spakne tysdag morgon. (©NPK)
