annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Zhang med historisk bordtennistriumf

(NPK-NTB-AFP): Zhang Jike slo sin kinesiske landsmann Wang Hao 4- 1 i bordtennisfinalen for menn i OL torsdag. Han er den første mannen som er både VM- og OL-meister samstundes.

Wang måtte nøye seg med OL-sølv for tredje gong på rad. 28-åringen håpa å sikre sin etterlengta gullmedalje, men den 24 år gamle OL-debutanten Zhang var for god.

Han vann dei tre første setta i finalen før Wang greidde å redusere. Med 13- 11 i femte sett kunne Zhang juble, og det gjorde han til dei grader. Han sprang bort til den tomme sigerspallen og kyssa det øvste trinnet der han snart skulle stå.

- Eg er veldig glad. Det er mitt første OL, og det har vore draumen min å vinne gullmedaljen sidan eg byrja å spele, sa han.

No har Zhang vunne alt. I fjor vann han både VM og verdscupen.

- Eg føler det som eg har fullført eit oppdrag, sa han og trøsta Wang.

- Når vi ikkje spelar mot kvarandre, er vi som brør, sa han.

Seinare i OL kan dei vinne gull saman i lagkonkurransen.

Triumfen torsdag var Kinas 22. gullmedalje i bordtennis sidan sporten kom på OL-programmet i 1988. Det blei dobbeltsiger både for kvinnene og mennene i London. Meir kunne det heller ikkje bli, for etter at Kina tok alle medaljane i Beijing blei det bestemt at kvart land får ha berre to deltakarar.

Dermed kunne Dimitrij Ovtcharov frå Tyskland sikre seg bronse med 4-2-siger over Chuang Chih-yuan frå Taiwan.

- For meg kjennast det som gull. Det er den beste augneblinken i livet mitt, sa Ovtcharov.

- Då eg var tenåring, var Chuang eit idol for meg. Derfor sa eg «orsak» til han etter kampen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.