annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Piasecki til OL-finale

(NPK-NTB): Bartosz Piasecki er klar for OL-finalen i kårdefekting etter å ha sigra over sørkoreanaren Jung Jin-sun 15- 13 i semifinalen.

Det var lenge veldig jamt i semifinalen, men Piasecki avgjorde i den tredje og siste perioden. Det stod 5- 5 etter den første perioden og 10- 10 etter den neste, men i den siste perioden var nordmannen best og avgjorde i sin favør.

Det vart spennande då Jung reduserte to gonger på stillinga 14- 11 til nordmannen, men Piasecki heldt hovudet kaldt og fekk inn den avgjerande støyten.

Motstandar i finalen seinare onsdag kveld er Ruben Limardo frå Venezuela, som sigra over amerikanaren Seth Kelsey 6- 5 i sin semifinale. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.