annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Åtte diska etter badmintonskandale

(NPK-NTB): Åtte badmintonspelarar vart onsdag diskvalifisert i doubleturneringa for kvinner i OL, fordi dei prøvde å tape i den siste gruppekampen sin.

Det var det internasjonale badmintonforbundet (BWF) som bestemte seg for å diskvalifisere spelarane for å ha skadd vørdnaden til sporten.

Dei fire doublepara er frå Sør-Korea (2), Kina og Indonesia. Laga var allereie klare for kvartfinalane, og ønsket om å tape handla om å få gunstigare veg i utslagsrundane.

Danske spelarar seier at dette har pågått i årevis, og at dei forgjeves har prøvd å få BWF til å gjere noko med det.

- Eg er totalt mållaus over at dei gjer dette nå, for det har gått føre seg heile sesongen, seier Joachim Fischer, som onsdag spelte seg fram til semifinale saman med Christina Pedersen.

IOK understreka onsdag at spelarane ikkje er kasta ut av OL, men etter diskvalifikasjonen får dei ikkje spele kvartfinalar. Det får derimot dei to utslåtte para i gruppene deira, frå Russland, Canada, Australia og Sør-Afrika.

Sør-Korea anka diskvalifikasjonen av doublepara sine, men anken vart avvist. Indonesia trekte anken sin før den vart behandla, medan Kina valde ikkje å anke.

- Vi respekterer avgjerda om diskvalifikasjon fullt ut. Oppførselen til spelarane våre på bana streid mot dei olympiske ideala og fair play, og den kinesiske delegasjonen er lei for det som skjedde, heiter det i ei uttale frå OL-laget til Kina.

Publikum i Wembley Arena bua då dei kinesiske verdsmeistrane Yu Yang/Wang Xiaoli og dei sørkoreanske motstandarane deira Jang Kyung-eun/Kim Ha-na prøvde å overgå kvarandre i feilslag i eit forsøk på å tape den siste gruppekampen.

Rett etterpå utvikla også kampen mellom sørkoreanarane Ha Jung-eun/Kim Min-jing og Greysia Polii/Meiliana Jauhari frå Indonesia seg til ein farse då også dei laga gjorde det dei kunne for å tape.

Ein dommar gjekk ut på bana og lét til å diskvalifisere begge laga, men dei bad om ein ny sjanse og fullførte kampen. Under det kritiske dommarblikket gjorde dei eit forsøk på å sjå ut som dei spelte for siger, og sørkoreanarane vann 2- 1 (18-21, 21-14, 21-12).

Før London-leikane nemnde IOK-president Jaques Rogge kampfiksing som den største trusselen mot leikane.

Sjefen for London-OL, Sebastian Coe, kalla hendinga tysdag «deprimerande» og «uakseptabel».

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.