annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Byrådet vil ha kompensasjon frå den amerikanske ambassaden

(NPK-NTB): Byrådsleiar Stian Berger Røsland (H) i Oslo meiner amerikanarane må betale erstatning dersom det var ein tabbe ved ambassaden som førte til bombeaksjonen tysdag.

Ei attgløymt øvingsbombe førte til ein stor aksjon i sentrum av Oslo, og blant anna vart området rundt Slottet og ambassaden til USA evakuert.

ARRAY(0x2b931d8)

Øvingsbomba vart funnen under ein bil som blir disponert av ein tilsett ved ambassaden, og var gløymt igjen etter ei intern øving.

Ambassaden har erkjent at dei har skuld i saka, stadfestar stabssjef Johan Fredriksen i Oslo politidistrikt. Han seier tabben tysdag er beklageleg, men at slike situasjonar må takast alvorleg.

- Politiet har vist ei profesjonell tilnærming til korleis vi skal handtere slike situasjonar. Vi skal no jobbe for at vi skal sleppe denne typen situasjonar i framtida, seier Fredriksen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.