annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Raseri over amerikansk fjernsynsdekning

(NPK-NTB-AFP): Amerikanarane er rasande over NBCs fjernsynsdekning av London-OL. Likevel ser rekordmange på.

Det er grepet fjernsynsnettverket har gjort for å få vise dei mest attraktive øvingane i beste sendetid som forargar amerikanske idrettsinteresserte. Det fører til at mange øvingar blir sendt i opptak lenge etter at folk veit korleis det gjekk.

I helga vart symjefinalen på 400 meter medley, med duellen mellom Ryan Lochte og Michael Phelps, overført lenge etter at folk flest hadde fått med seg utfallet. Det var til og med rapportert i NBCs eigne nyheitssendingar.

Det førte til rasande reaksjonar, og slik har det vore i dagane etter òg.

Dei som har betalt for å følgje overføringar direkte på nettet kan sjå øvingane direkte, men dei fleste må vente til NBC vel å vise dei.

Slik var det òg under opningsseremonien, då NBC viste eit redigert opptak i beste sendetid. Trass i ein flaum av forarga reaksjonar på sosiale medium, gler NBC seg over strålande sjåartal.

Gjennomsnittleg sjåartal for opningsseremonien var 28,7 millionar, det høgaste for opningsseremonien i sommarleikar nokosinne. I helga var det òg skyhøge sjåartal for dei redigerte sendingane.

Den britiske journalisten Guy Adams, som bur i Los Angeles, gav i helga stemme til kritikarane med fleire twittermeldingar som kritiserte og til dels håna OL-dekninga til NBC.

- Er eg aleine i å undre kvifor NBC synest det er akseptabelt å late som fellesstarten blir overført direkte?, spurde han i ei melding.

I ei anna kalla han Gary Zenkel, sjefen for sportsavdelinga i NBC, for ein «idiot» og rådde til at han får sparken for avgjerda om korleis OL-dekninga blir lagt opp.

Adams-kritikken varte heilt til twitterkontoen hans plutseleg vart stengt. NBC og Twitter har eit formelt samarbeid under London-leikane. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.