annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

London-politiet greip gut etter OL-tvitring

(NPK-NTB-AFP): Britisk politi greip tysdag ein tenåring for krenkjande Twitter-meldingar til Tom Daley, det britiske stupehåpet i OL, då han ikkje vann medalje dagen før.

Den 17 år gamle guten vart gripen i Weymouth, sørvest i England, etter at Daley måndag hadde fått meldingar som handla om den døde faren hans.

Ein talsmann for politiet seier at tenåringen vart gripen på mistanke om det dei kallar vondsinna kommunikasjon.

- Han hjelper politiet i granskinga, seier talsmannen.

Daley og stupemakkeren hans var ikkje gode nok for ein OL-medalje i synkronstuping måndag, og enda på fjerdeplass. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.