annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Drapssikta 26-åring varetektsfengsla

(NPK-NTB): Tønsberg tingrett avsa måndag avgjerd om fire veker i varetekt for den 26 år gamle mannen som er sikta for drapet i Holmestrand før helga.

Avgjerda vart teken etter eit lukka rettsmøte som også bestemte at den sikta skal sitje i full isolasjon og med absolutt besøksforbod dei to første vekene. Grunngjevinga er faren for å påverke vitne og moglegheita for å forspille bevis.

Rettsavgjerda vart anka til lagmannsretten som skal avgjere saka denne veka.

Det var 37 år gamle Anders Kalmo frå Drammen som vart funnen død like ved eit brennande uthus i Holmestrand fredag morgon.

Måndag ettermiddag fekk politiet ein førebels sakkunnig obduksjonsrapport frå Rettsmedisinsk institutt. Den slår fast at Kalmo var utsett for vald og at valden er antatt å vere dødsårsaka. Ytterlegare opplysningar om innhaldet i rapporten vil ikkje politiet gi, seier politiadvokat Jan Helge Palm.

Advokaten til den sikta, Knut-Erik Søvik, seier til NTB at klienten hans har nekta eitkvart kjennskap til drapet. Han har fortalt at det var tilfeldig at han oppdaga brannen i uthuset. Han veit heller ikkje kven den avdøde er.

Politiet bad tidleg om tips i saka, men har ikkje villa fortelje noko om innhaldet i dei tipsa dei har fått. Politiet er framleis interessert i å få opplysningar om nokon har sett andre personar i området Botneveien-Kleivbrioottet-Grefsrud i Holmestrand fredag morgon den 27. juli mellom klokka 4 og 6.

Politiet trur Kalmo vart drepen av den 26 år gamle mannen frå Holmestrand som no er sikta for forsettleg drap. Han vart gripen like i nærleiken av brannen. Han hadde små skadar og klaga over pusteproblem, og han skulle i utgangspunktet berre køyrast til ein helsesjekk. Då nokon seinare fann avdøde, vart mistanken straks retta mot 26 år gamle mannen som seinare har vore i politivaretekt. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.