Han er ein av dei fremste ekspertane på olympisk historie.
USA vann 110 medaljar i Beijing-OL, mot Kina sine 100. Likevel var kinesarane først på medaljestatistikken med 51 gull mot dei 36 til amerikanarane.
Wallechinsky trur at beste nasjon i London-leikane må nøye seg med færre gull enn sist. Han tippar at gullfangsten til USA blir «ein stad på 40-talet».
- Det er mange variablar. Tre firedelar av gullmedaljane til USA vil truleg komme i fire idrettar, mens gulla til Kina blir henta over heile fjøla, seier Wallechinsky.
Wallechinsky trur også på eit godt OL for dei britiske heimehåpa og reknar med at dei kan vinne fleire enn 20 gull. Storbritannia gjorde eit godt OL i Beijing med 19 gull. (©NPK)
