annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Vladimir Vukicevic sette norsk rekord

(NPK-NTB): Vladimir Vukicevic viste flott sommarform då han fredag sette norsk rekord på 110 meter hekk med 13,55 i eit stemne i Tyskland.

Vukicevic tangerte først Gaute Melby Gundersens rekord på 13,62 i eit innleiande heat, før han senka den med sju hundredelar i finalen. Gundersen sette sin rekord i 1997.

Vladimir Vukicevic er veslebroren til Christina, som er klar for det norske OL-laget på 100 meter hekk. Ho har ikkje vist spesielt god form i sommar, og for aller første gong måtte ho finne seg i å bli stilt i skyggen av broren under EM i Helsingfors.

Der klarte 21 år gamle Vladimir å sette U23-rekord med 13,65 sekund i forsøket. Det gjorde at han kom med i semifinalen og oppnådde målet sitt for EM.

Vladimir er ikkje med i London-OL, men han var svært nær, for B-kravet på distansen var på 13,60 sekund. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.