Freiburg-trenar Christian Streich seier til Badische Zeitung at det truleg dreier seg om ein stygg korsbandskade, ifølgje VG.
- Førebels veit vi ikkje den nøyaktige diagnosen, men det såg svært stygt ut, sa trenaren etter kampen.
Hedenstad gjekk til det tyske laget frå Stabæk nyleg. Han hadde spelt 45 minutt på U21-laget til den tyske klubben før A-lagdebuten kom mot Vaduz frå Liechtenstein onsdag. Der blei det berre fem minutt på den norske backen.
VG skriv at dersom det verkeleg dreier seg om ein korsbandskade, risikerer 21-åringen å måtte vere på sidelinja i seks månader.
Kampen onsdag blei spelt på veldig vått gras. (©NPK)
