annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Søksmål mot Ugland avvist av Høgsterett

(NPK-NTB): Høgsteretts ankeutval har avvist gigantsøksmålet til Olympia Holding mot J.B. Ugland Holding (JBUH). Dermed er fire år med pengekrangel og søksmål over.

ARRAY(0x293b2d0)

Olympia Holding hadde tapt i både tingretten og lagmannsretten, og når Høgsterett no har avvist saka, har ikkje selskapet lenger moglegheit til å anke. Dermed er domen frå Agder lagmannsrett rettskraftig.

- Vi er veldig glade, vi. JBUH er ferdig med alt og kan sjå framover, seier advokat og styre-nestleiar Tom Bernhard Knudsen i Ugland.

Bakgrunnen for søksmåla var milliardhandelen då JBUH selte selskapet sin shippingdivisjon til indiske Siva Ventures for 305 millionar dollar. Olympia fekk 39,5 millionar dollar for rettane sine, medan JBUH fekk 62 millionar dollar av indarane. Olympia følte seg difor snytt for differansen på 22,5 millionar dollar. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.