annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Politiet snuste seg fram til narkotika i Ålesund

(NPK-NTB): Det er ikkje berre narkotikahundar som har gode nasar. Måndag snuste politiet i Ålesund seg fram til eit narkotikabeslag.

Ein patrulje frå Ålesund politistasjon kom seint måndag kveld på overraskingsbesøk til eit bufellesskap i eit hus i Ålesund sentrum for å forkynne eit førelegg for ein av dei som budde der.

- Politiet kom dit like før klokka 23.30, og så lukta det litt vondt der, seier politiførstebetjent Sindre Ryssevik i Sunnmøre politidistrikt til NTB.

Resultatet blei at politiet greip både mannen dei skulle forkynne førelegget for og fire andre menn. Alle dei gripne er i 20-åra.

I tillegg beslagla politiet rundt 200 gram marihuana, litt hasj og ein pistol. Ein av dei gripne heldt seg ulovleg i Noreg.

- Mennene har blitt avhøyrt, og dei har stort sett vedgått det meste. Nokre av dei har fått bøter, og dei har no sleppt ut igjen, fortel Ryssevik. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.