annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Uklart kven som stod bak bombeattentatet i Syria

(NPK-NTB-Reuters): To syriske grupper har teke på seg ansvaret for bombeattentatet mot den indre krinsen til president Bashar al-Assad. Men opplysningane er sprikande om korleis angrepet blei gjennomført.

Ei kjelde i den syriske tryggingstenesta seier til nyheitsbyrået Reuters at det var ei livvakt i den indre krinsen til regimet som gjennomførte bombeangrepet. Ifølgje kjelda detonerte livvakta bomba under eit møte mellom ministrar og militære leiarar.

Syrisk fjernsyn omtaler aksjonen som eit terrorangrep og opplyser at ein sjølvmordsbombar stod bak.

Abu Ammar, ein talsmann for islamistgruppa Liwa al-Islam, nektar likevel for at det er snakk om eit sjølvmordsangrep.

- Ja, vi gjennomførte angrepet, men det var ikkje ein sjølvmordsbombar. Mennene våre klarte å plante heimelagde eksplosiv i bygningen der møtet var. Vi planla dette i over ein månad, seier Abu Ammar til Reuters.

Liwa al-Islam er ei av to grupper som har teke på seg ansvaret for attentatet. Den andre gruppa er Den frie syriske hæren, som er den største væpna opprørsgruppa i Syria. Gruppa har frå før varsla ein storoffensiv mot Damaskus og rosar og omtaler attentatet som ein «framifrå» operasjon.

- Det er dette vi har snakka om. Vi har så vidt byrja, seier Qassim Saadedine, talsmann for Den frie syriske hæren. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.