Det var ein livvakt som stod bak sjølvmordsangrepet i Damaskus onsdag, ifølgje ei kjelde i dei syriske tryggingsstyresmaktene. Slike angrep undergrev moralen internt i regimet, og konsekvensen kan bli at fleire hoppar av, meiner Helge Lurås, som er leiar ved Senter for internasjonal og strategisk analyse (SISA).
- Det er lojaliteten internt som avgjer kor raskt regimet fell. Når tilliten sviktar, byrjer regimet å slå sprekkar, seier Lurås til NTB.
No er sjansane minimale for at president Bashar al-Assad skal klare å attvinne kontrollen i heile Syria, meiner han.
Den frie syriske hæren, som er den største væpna opprørsgruppa i Syria, har uttalt at ein storoffensiv mot Damaskus no er i gang. Men Lurås er likevel ikkje sikker på at det er det endelege slaget om Damaskus vi er vitne til no.
- Eg trur ikkje vi skal ta det for gitt at vi ser det same i Damaskus no som vi såg i Tripoli i fjor, seier han.
I Tripoli gjennomførte opprørarane eit nøye planlagt angrep.
- Det vi ser no, kan vere eit krafttak frå opprørarane si side på å skape eit inntrykk av at Assads dagar er talte, seier Lurås. (©NPK)
