ARRAY(0x286c0e0)
220.000 elevar har no fått svar på søknaden sin til vidaregåande utdanning. I Finnmark har berre 81 prosent av søkjarane fått plass på skulen og linja dei helst ville inn på. Elles i landet er prosentdelen mellom 87 og 90 prosent. I Troms har derimot elevane kome godt ut av førsteinntaket. Der har alle søkjarane med rett på plass no fått tilbod om det.
I Hordaland har 852 ungdommar med rett på skuleplass fått beskjed om at dei ikkje hadde hellet med seg i førsteinntaket. Mange av desse har ifølgje inntaksleiaren i fylket, Nils Skavhellen, svake karakterar og har søkt på svært populære linjer og skular med høge inntakskrav. Dei som har svake karakterar bør gje opp fleire studieønske, meiner han.
- Enkelte av dei har til dømes berre søkt media og kommunikasjon, og med eit snitt på 2.5, kjem dei ikkje inn der. Når vi skal fordela plassar må vi berre gje dei eit tilfeldig tilbod, og då skal det noko til at vi treffer, seier Skavhellen til Utdanningsnytt. (©NPK)
