annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ungarsk nazimistenkt gripen i Budapest

(NPK-NTB-AFP): Laszlo Csatary, den 97 år gamle mannen som er mistenkt for å ha hjelpt til med deporteringa av jødane i Ungarn, er gripen av ungarsk politi.

Csatary, som Simon Wiesenthal-senteret har øvst på lista over ettersøkte naziforbrytarar under den andre verdskrigen, blei gripen av politiet tysdag, opplyser kontoret til riksadvokaten.

Riksadvokaten seier at Csatary er blitt avhøyrt om rolla si i krigslovbrota frå tida då han var ein høgtståande politisjef i Kosice, ein slovakisk by som under krigen låg under Ungarn.

Csatary blei i 1948 dømd til døden i Tsjekkoslovakia for å ha vore ansvarleg for den jødiske gettoen i Kosice.

Men han greidde å koma seg til Canada, der han i mange år arbeidde som kunsthandlar i Toronto. På 90-talet blei han avslørt, fråteken den canadiske statsborgarskapen sin og tvinga til å rømma.

I dei siste åra har han levd uforstyrra i Budapest til Wiesenthal-senteret gjorde styresmaktene merksam på han. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.