Hovudkvarteret er ein tungt vakta bygning i Rawda-distriktet i sentrum av Damaskus, og angrepet skjedde medan fleire ministrar sat i møte med leiarane for tenesta, ifølgje syrisk TV.
Ein nabo seier at området rundt bygningen er sperra av politiet, og vitne fortel om auka aktivitet rundt eit sjukehus i nærleiken. Fjernsynet fortel at fleire av dei som deltok i møtet, er kritisk såra.
Det er framleis ikkje opplysningar om drepne i eksplosjonen, og heller ingen om leiaren for tryggingstenesta, general Hisham Ikhtiyar. (©NPK)
